Lyd/Lys

Lyd/lys –gruppa:Denne gruppa har hatt tre faste medlem men har til tider rekruttert fleire i samband med arrangementa. Me har samarbeidd med ein studioteknikar slik at me har lært mykje meir om å styra lyd. Lyssetting har me òg arbeidd med. Det er særskilt i samband med dei to arrangementa at me har vore aktive. Me har òg hjulpe til på internasjonale kafear og på arrangement med psykisk utviklingshemma. Gruppa har fått betre kontakt med friviljuge organisasjonar og har byrja å hjelpa dei i samband med arrangement for eldre med fleir.

Føremål:
Til framsyninga treng me både lyd og lys for at resultatet skal verta bra. Fleire grendahus i bygda har slikt utstyr og me ynskjer at ungdom skal læra seg å bruka dette utstyret slik at ungdomar  kan hjelpa til med ulike tilstellingar. Me har også lyst å læra å laga eit lysshow på framsyninga våren 2012.
Ansvarleg: Brage Haugbjørg Haugen