Foto/Video

Foto- film og videogruppa: Denne gruppa hadde ein workshop 9. og 10. april med profesjonelle filmfolk. Dette var mykje inspirerande og lærerikt. Etterpå fekk gruppa til ein avtale med Kulturskulen om å låna kamera for å laga betre film, i tillegg til å bruka eige utstyr. Etter kurset har gruppa arbeidd med små og større prosjekt og filma på eigen hand men har òg filma  aktivitetar og arrangement som har gått føre seg i dei andre gruppene. Dei har særskilt følgd skategruppa og bygginga av skaterampe på dugnad i bygda. Her var skategruppa aktivt med i lag med friviljuge. På det meste har gruppa vore 10-12 personar, medan den harde kjerna har vore 4 personar som har halde på kvar veke.

Føremål:
Følgja dei andre gruppene og dokumentera kva dei gjer på. Vil du lage film for deg sjølv eller i lag med andre  so er det heilt greitt.
Ansvarleg: Andrea Trengereid Gjerde