Musikkgruppa

Musikkgruppa:
Det vart oppretta 1 rockeband med 3 medlemar og eit anna rockeband med 4 medlemar.  Kvar av gruppene har øvd to kveldar i veka. Etter å ha halde på i heimen, klarte coachen vår å få til ein fast øvingsplass for oss i ein gymsal, med backline og sanganlegg. Dette har me nytta frå juni 2011- desember 2011.  Me har delteke på to Aktiv Ungdom arrangement: 18. juni og 10. desember med eige låtmateriale, og me har lagd demotape.

Føremål:

Ulike sjangrar møtast og øver. Me ser for oss at det kan verta grupper innan blues, metall, hiphop osv. Dersom du har lyst å spela men ikkje har noko gruppe er det berre å møta opp og so ser me kva gruppe du kan vera med i.
Ansvarleg: Simen Tveiterås