Møter

Møter iløpet av året i styringsgruppa

Ungdomsrådet i kommunene hadde ynskje om å gjera noko konkret for og med ungdomar. Eu søknaden vart sendt inn utifrå deira initiativ.Det var møte mellom Ungdomsrådet, Kultursjef (sekr. For Ungdomsrådet) og coach 9. mars. Coachen besøkte ungdomsskulen, og Aktiv Ungdom medlemma deltok i opplysnings- og rekrutteringsarbeidet.
Prosjektet vart opna med eit ope møte den29.mars der prosjektet vart presentert for ca 50 ungdommer. Møtet var organisert som ein workshop der ungdomene fekk informasjon om dei ulike gruppene(mulitmedia,musikk, dans osv). Ungdomane fordelte seg i dei gruppene dei ville vera med i og so arbeida dei med innhaldet i gruppene.
Ungdomane har arbeidd sjølvstendig og har utpeikt ein gruppeleiar for kvar gruppe. Leiarane i Ungdomsrådet har ikkje delteke aktivt i sjølve gruppene men har vore arrangementsansvarlege organisatorar.
Gruppene har fått moglegjheit til kompetanseløft og meir inspirasjon gjennom kurs og instruksjon.
Coach har vore knutepunkt og har hjulpe til etter førespurnad, til dømes med kurs, arrangement, vakthald, øvingslokale og å annonsera fellesmeldingar på facebook.
Det har vore ei rekkje møte gjennom året:
I løpet av året har me hatt 15 små og større møte der også coachen vår har vore med på ein del av desse. 
·          Styremøte Ungdomsrådet og coach: 9. mars
·          Ope allmøte 29. mars 2011 – rekruttering, organisering, samtale om tema. Om lag 50 frammøtte.
·          Styremøte organisatorer (Ungdomsrådsmedlem)
·          Møte med gruppeleiarane og gruppemedlemma 16. august 2011 – midtveisevaluering og planlegging vidare. 
·          Møte når gruppene har starta opp
·          Møte i samband med aktivitetar og arrangement
·          Møte med coach etter individuell førespurnad
·          Evalueringssamling/avslutning januar 2012